mandag 19. januar 2015

"The age of authencity" og den ekspressive individualismen

Den kanadiske filosofen Charles Taylor kallar tid vi lever i for ”the age of authencity”. Eg siterer frå masteroppgåva mi:

Med dette meiner han at dagens menneske er ute etter det som er genuint og ekte. Skepsisen mot det etablerte og institusjonelle er stor, og ein søker som enkeltindivid etter det som ein subjektivt opplever som autentisk. Taylor skildrar fleire kjenneteikn på denne tidsalderen. Noko av det mest sentrale er ein ”ekspressiv individualisme”. Konformitet er avskydd, den individuelle autoritet og sjølvrealisering er opphøgd. Ein har fokus berre på det som opplevast som relevant for det enkelte individet. Samstundes er individet meir enn nokon gong i behov av stadfesting av kven ein er og kva ein gjer. Individet vil søke å oppnå sitt fulle potensiale, og det frie val er i sentrum. Alt som kan hindre full fridom til å forme si eiga framtid, skal fjernast (...)

I det religiøse livet handlar det om kjensler og lidenskap. Ein relaterer lite til rasjonalitet og ortodoksi, og i stor grad forfektar ein ei individuell religionsforståing og avviser den institusjonelle. Det enkelte individ sin intuisjon styrer relasjonen til det religiøse, og ein slik intuisjon kan ikkje overførast til andre. Skilnader mellom religiøse grupper blir opplevd som irrelevant og unødvendige. Den religiøse er ein pilegrim, ein sanningssøkar.


Den pentekostale kristendomsforma som har vore ein viktig kontekst i livet mitt, har alltid vore retta mot enkeltindividet. Sentralt er enkeltmennesket sine personlege val, den personlege trua og det personlege forholdet til Gud. Slik kan ein også seie at denne passar inn i vår tid på ein særskilt måte, Det er altså samsvar mellom ein slik ekspressiv individualisme og den pinsekarismatiske kristendomsforma. Det blir lagt vekt på at ein er unik, at Gud har ein personleg plan og eit personleg kall til kvar enkelt. I det kristne livet legg ein vekt på å ha eit eige, personleg forhold til Gud der han kan snakke til kvar enkelt individ. Dei personlege, individuelle profetiane har spesielt gode vekstvilkår i slike miljø. Eg var sjølv ein del av eit bibelskulemiljø som dyrka det individuelle og det ekstraordinære, der det å legge lista høgt var eit ideal, uansett om ein kom over eller ikkje. Då miste ein også lett av syne eit anna bibelsk ideal, det å ...leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer. 

At ein slik individualisme er ekspressiv, gjeld sjølvsagt ikkje berre for det religiøse livet, men overalt i samfunnet. Det er ikkje nok å skilje seg ut, vere særegen, gjere sin egen "greie", det er også viktig at ein viser det til alle. Eit symptom er alle talentkonkurransane på TV, kor ein er på jakt etter det som skiljer seg ut, det ekstraordinære, x-faktoren. Samfunnet i dag omfamnar slike som kan realisere seg sjølv og sin ekstraordinæritet. Det er påfallande kor mange av deltakarane i slike konkurransar som utrykkjer at det dei helst vil, er ¨leve av å stå på ei scene", at draumen er å få realisert talentet sitt. Ein trur på sin eigen ekstraordinæritet, og dei aller fleste må gå skuffa heim, fordi dei aller fleste av oss slett ikkje er så ekstraordinære. Vi er vanlege menneske som gjer så godt vi kan. Og det er faktisk heilt greit.

Baksida av det heile, er at det å vere vanleg, normal, leve eit vanleg A4-liv i det stille og rolege er noko som blir nedvurdert. Jantelova, som legg ein dempar på individualismen, er rota til alt som er vondt og vanskeleg. Min gamle lærarskulelærar, Mattias Øhra, som har forska på korleis ungdomar har det, seier:

Vi skal selvfølgelig forstå at ungdommene er unike og spesielle, men når vi bare har fokus på at ungdommene skal være så spesielle, eksepsjonelle, kreative og unike opplever mange det som press (...) I dagens samfunn lever vi på toppen av behovspyramiden og bruker alt av energi på selvrealisering. Vi har blitt rike og vi har muligheter til å realisere oss selv. I tillegg har vi mange valg og vi må vise at vi tar de riktige valgene.

Kong Harald tok tak i noe av det same i sin nyttårstale:

Samtidig kan de mange mulighetene – paradoksalt nok – oppleves som en belastning: For når alt er mulig, blir ingenting godt nok.1 av 5 jenter på ungdomstrinnet har tegn på depresjon. De blir syke av forventningspress – både eget og andres. Vi voksne har en viktig oppgave i å minne ungdommene våre på at de er gode nok akkurat som de er.

Eg trur at det er mange unge menneske i dag, slik som både kong Harald og Øhra skildrar, som er dønn slitne av å skulle måtte vere unike og ekstraordnære, og berre vil leve vanlege liv. Og det som Øhra seier er sant: Det er heilt ok. Og kanskje er det bedre med sopp enn banan på pizza. Sjølv om det siste er meir ekstraordinært ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar