mandag 28. november 2011

Ikkje lett å passe inn....

Heilt frå vi er små, går det med mykje tid og energi på å prøve å passe inn. Eigentleg held vi vel på med dette heile livet, med vekslande hell. Nokre lukkast og andre mislukkast. Andre lukkast i peridar, for så å ramle av karusellen. Ofte er det tilfeldig kor ein hamnar. Nokre har enklare utgangspunkt enn andre.

Sjølv har eg også jobba for å passe inn. Eg voks opp i Hornindal, der dei to grupperingane var "inidøl" og "framidøl". Vi som ikkje var nokon av delene, vi som tok Kjøsabussen, passa ikkje heilt inn. Vi var eigentleg litt stryningar. For meg vart det ikkje enklare når eg var kristen og pinsevenn. For slike grupperingar fanst ikkje. Pinsevennar møtte eg om sommaren då eg var på leir på Sunnmøre. Men det var ikkje heilt lett å passe inn der heller, sidan eg ikkje var frå Ålesund, slik dei fleste andre var.

Seinare i livet vart det tur til bibelskule. Der var det ikkje så mange som var interessert i kva bås du passa inn i. Og gode år var det. Det viktigste der var om du var smitta av "misjonsviruset". Så eg passa ikkje heilt inn der heller. Så blei det fleire pinsemenigheiter. Med mine kritiske spørsmål og kompliserte tru var det ikkje så lett å passe inn der heller.- Det har med modenhet å gjere, blei eg fortalt. Så blei eg vel kanskje aldri heilt moden.

Ettersom eg vart eldre og alle jamnaldringane mine gifta seg og stifta familiar, vart det nok ein plass eg ikkje passa heilt inn. Eg var jo ikkje gift med familie. Då kunne eg liksom ikkje treffe venner og dra ein plass på laurdagskvelden. Utanom ein sjeldan gong. For det måtte planleggast og vere etter leggetid for barna.

No har eg vel kanskje ein del skuld i dette sjølv. Eg har nok alltid likt å gå mine eigne vegar og vere sjølvstendig. Og då blir det ofte slik at du blir mistilpass i den båsen du prøvar å passe inn i. Til slutt finn du ut at det er like greit å ikkje vere i ein bås. Så no er eg utan bås. Eg er verken inidøl eller framidøl. Eg er ikkje gift og har ikkje stifta familie. Og eg er ikkje lenger pinsevenn, sjølv om eg framleis er medlem av ei pinsekyrkje. Og eigentlig kjenner eg at eg passar betre inn enn nokon gong.

Men det betyr nok ikkje at eg er ferdig med å prøve å passe inn. For eg kjem nok til å søke å finne nye båsar. Kanskje fordi eg treng det. Kanskje fordi livet blir for einsamt og vanskeleg for ein som ikkje er sett i bås.

3 kommentarer:

  1. Båsinnlegg – interessant ;) Måtte tygge litt på den siste setningen, og tror du har et poeng; vi har nok verken godt av eller mulighet til å løsrive oss alt som er av båser. Samtidig er det vel forskjell på det å bli satt i bås og det å frivillig gå inn i en!? ;) Leseverdig innlegg! Marianne

    SvarSlett
  2. Ja, beklager at jeg kom deg i forkjøpet ;) Det er selvsagt en forskjell. Men det er også vanskelig å finne båser som vi føler passer oss så godt at vi går inn i dem frivillig. Og da trenger vi kanskje litt hjelp?

    SvarSlett
  3. Hei Magne!
    Så moro å ramle innom her og møte en annen "filosof," om jeg får kalle deg det? Jeg kjenner meg veldig igjen i tankene dine og ser poengene, vi stever mye med å passe inn! Det er nok som du sier, for mange av oss en prosess som aldri helt tar slutt, men som er lettere i perioder. Men jeg er jammen glad at jeg ikke er noe A4 menneske når alt kommer til alt...
    Ha en fin dag:)
    Mvh Mia

    SvarSlett