søndag 8. april 2012

Kvinnene på Myra: Ingeborg og Magnhild

Døden vart ein vanleg gjest på Myra dei første åra. Først døde mor Sigrid, så i rask rekkefølge dei to eldste døtrene, Ingeborg og Magnhild. Ein dødeleg sjukdom spreidde seg over store delar av Europa på den tida. Den vart kalla spanskesykja, ikkje fordi den oppstod i Spania, men fordi den visstnok vart mest omtala i avisene der. Wikipedia skildrar sjukdommen slik:

Spanskesyken
 var en verdensomspennende pandemi, influensapandemi, som herjet fra 1917 til 1920. Spanskesyken var en uvanlig hard og dødelig form av influensa som spredte seg over hele verden i fire bølger imellom 1918 og januar 1920. Første utbrudd oppsto i 1917. Høsten 1918 kom en ny bølge, i 1919 en tredje og i januar 1920 en fjerde og siste.

Ingeborg og Magnhild var av altså av dei omtrent 15000 som døydde av sjukdomen i Noreg.

Om dei to veit eg omtrent ingenting. Vi hadde visstnok eit bilde av Ingeborg i huset, men eg har ikkje vore i stand til å finne det. Kanskje den lille veven du ser på biletet tilhøyrte ein av dei? Eg veit heller ikkje nøyaktig når dei døde, men dersom det var i åra for det verst utbrotet, må dei ha vore i tredveåra, sjølv om mor mi trudde dei var i tenåra då dei døydde.


Oldefar min hadde i løpet av dei åra han hadde budd på Myra, opplevd å miste både kone og to av borna sine. Det blir også fortalt at han miste eit tredje barn, ein son, som han hadde fått med den nye kona si, Agnete. Guten, som vart kalla Sigurd, levde berre nokre få veker. 


I løpet av dei neste åra kom døden fleire gonger attende til Myra.

2 kommentarer:

  1. Ingeborg Ragnilde født 30.09.1879 døpt 26.10.1879 Foreldre: Inderst, bygningsmann og smed Elling Johannes Bottolfsen Gausemel og hustru Sigrid Olsdatter Lødøen
    Ingeborg Ragnilde Maursæt død 27.11.1901 av tæring- gravlagd 03.12.1901

    Magnilde Petrine født 24.11.1881 døpt 18.12.1881
    Foreldre: Elling Johannes Bottolfsen og Sigrid Olsd Maursæt
    Magnilde Petrine Maursæt død 31.08.1900 gravlagd 06.09.1900 av tæring

    Sigurd Johannes Ellingsen Maursæt født 25.01.1898 døydde 17.06.1898 av magesjukdom

    Den første sonen til Elling og Sigrid vart forøvrig berre 6 timar gammal:
    Bottolf født 19.11.1877 død 6 timar gammal

    Alle data frå digitalarkivet: kyrkjebøker for Hornindal prestegjeld

    SvarSlett
  2. Du verden! Takk for utfyllande informasjon. Dei to døydde altså av tæring, ikkje spanskesjuka. Den første sonen var eg ikkje klar over. Er denne informasjonen tilgjengelig for alle? Og kven er du?

    SvarSlett