onsdag 18. april 2012

Kvinnene på Myra: Marie


Kort tid etter at spanskesykje-pandemien var over, døydde ei til av dei unge søstrene på Myra, Marie. Ho var det nest yngste av seks barn, fødd 9/4 1889. Allereie då ho var fem år gammal, miste ho mor si, så ho vart tidleg kjend med livet og døden. Sjølv vart ho 32 år gammal, og døydde i 1922. Sjølv om spanskesykja var over, var det nok av anna sjukdom som kunne vere farleg og til og med livstruande. Tæring var ein av dei vanlegaste døsdsårsakene på denne tida. I dag er sjukdomen kjent som tuberkolose, og er ein sjukdom som angrep lungene, først og fremst. I byrjinga av førre hundreår var det vanleg at sjukdomen tok livet av 6-7000 nordmenn kvart år. Ein av dei var altså Marie.

Lillesøstra Pernille tok tapet spesielt tungt. Det er ikkje unaturleg at dei tok fekk eit spesielt nært forhold, og Pernille skildra Marie som uvanleg snill og god. Marie var også flink på mange områder, spesielt til å sy gardiner, handkle og dukar. Alle desse pleidde ho å markere med sine eigen signatur, ein stor M. Då eg fann nokre av desse plagga i ei av kistene på garden, tenkte eg at desse var altfor fine til å ligge ubrukt. Difor hang eg opp to av gardinene til Marie i dei nye vindauga mine.

Elles skulle eg ønskje eg visste meir, også om Marie. Om kvifor ho aldri gifte seg. Om kva slags person ho var, og korleis oldefar min opplevde å miste tre av døtrene sine i så ung alder. Ein av dei få minna som fins att, er minnebøkene eg fann på loftet, både til Marie og veslesøstera Pernille. På biletet kan du sjå sida frå Pernille si minnebok, der Marie har skrive til Pernille. Her står det:

Ver alltid glad
gaa modig frem
igenem livets dage
i fryd du sangens harpe stem
i modgang da ei klage

Minnast din søster
Marie Maurset

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar